Sissel Brunstad
Foredrag om norsk øltradisjon gjennom tidene
Forfattar av «Norsk ølhistorie» og journalist i over førti år, dei fleste av dei i NRK.
Bestill foredrag Sjå foredraga
Foredrag
Kunsten å brygge øl på det tradisjonelle viset og nyte det er den mest gøymde og gløymde kulturarven i norsk historie. Sidan før vikingtida har ølet spelt ei avgjerande rolle i livet til nordmenn, og vore eit av dei viktigaste elementa i danninga av samfunnet. Du trur det ikkje før du høyrer historia!
Lengd og innhald blir tilpassa publikum, frå bryggeri og festivalar til bibliotek og julebord.
-
Øl til alle tider
Røros 2020Frå gudedrikken i norrøn tid, via lovene til Magnus Lagabøte og tradisjonsbryggjarane, til dagens heimebryggjarar og mikrobryggeri. Den meir enn tusen år gamle og framleis levande kulturhistoria imponerer, overraskar og forskrekkar.
-
Kornøl gjennom alle tider
Kornølfestivalen 2020Kunsten å brygge øl på det gamle, nedarva viset, utan moderne bryggjeutstyr, har døydd ut dei fleste stader i landet. Men stribukkar i somme distrikt har teke vare på kunnskapen, handlaget og teknikken. Sissel har vore saman med dei og granska gamle kjelder og metodar frå Finnmark i nord til Agder i sør, med samisk, kvensk og norsk tradisjon. Sjølv vaks ho opp i Velledalen på Sunnmøre, i eit av kjerneområda for godt, gamaldags kornøl, også kalla maltøl, gardsøl eller heimebrygg.
-
Mangt slags øl
Jul og høgtidÅ drikke heimebrygga øl er ein av dei eldste juletradisjonane vi har. Men har du høyrt om helgemessøl, jonsvakeøl eller barsøl? Eller kva med å drikke jul, eller drikke Odin eller Vårherre til? Mykje av dette står i «Den gamle sunnmørsjula», som Sissel har skrive saman med John Roald Pettersen.
Tusen år med øl
I eldre tid var ølet med nordmennene frå vogge til grav. Born kunne bli vaska i øl når dei blei fødde, og døypte i øl, og ølet følgde dei døde heilt fram til grava. Både kvinner og menn brygga. Lova tvinga bøndene til å brygge øl av eigen kornåker, og dei var pliktige til å gå saman med grannane om brygginga. Kan dette ha vore starten på den vidgjetne norske dugnadsånda?
- Norrøn tid
Ølet var gudedrikken og den milde gåva frå Odin til menneska. Boka tek tittelen sin frå skikken med å skåle for Odin. I kristen tid skulle Vårherre takkast for same gåva.
- 1274–76
Etter landslova til Magnus Lagabøte skulle handverkarane som bygde leidangsskip, ha to liter øl om dagen.
- 1600–1700-talet
I hekseprosessane i Finnmark blei fleire ølbryggjande kvinner erklærte som hekser og dømde til bål og brenning eller drukning.
- 1850-talet
Noreg hadde 353 godkjende bryggeri. 55 av dei hadde mekaniske innretningar, resten brygga berre for hand.
- I dag
Mikrobrygginga har slått til for fullt over heile landet, med teknisk kontroll på det meste. Tradisjonsbryggjarane kan framleis bruke olbogen i staden for data når dei måler temperaturen på brygget. Ølet skal vere så fint og blankt at rosemålinga på botnen av ølbollen kan synast, meiner mange av dei.
«Det er ikkje snakk om fyllekalas, men kultur.»
Norsk ølhistorie
Frå Odins skål til i dag
For første gong er heile den norske ølhistoria samla mellom to permar. Sissel brukte ti år på arbeidet, med gamle kjelder, fagfolk og bryggjarar rundt i landet som framleis brygger på tradisjonelt vis.
Boka er innkjøpt av Kulturrådet og står på bibliotek over heile landet.
«Dette er en tettskrevet, faktarik bok for dem som virkelig er interessert i å fordype seg i norsk ølhistorie, ja, den er et funn i så måte!»
Skald, 2019. Nynorsk, 348 sider, innbunden.
Kjøp boka hos SkaldFleire bøker
To bøker om Sunnmøre, skrivne saman med John Roald Pettersen. Sissel har også vore medredaktør og forfattar av «Sætrar under tinderad» (2003) og redaktør av «Hår du itte» (2004) for Velledalen sogelag, og skreiv i «Streif. Matmøter i norsk kulturlandskap» (Andrimne, 2005). I tillegg kjem ei rekkje artiklar i fagblad og tidsskrift.
-
Den gamle sunnmørsjula
Vind, 2007
-
70 sætreturar på Sunnmøre
Vind, 2010
Om Sissel
Sissel Brunstad er fødd i 1956 og vaks opp i Velledalen i Sykkylven. Ho studerte media og kommunikasjon med fordjuping i radio og tv ved Høgskulen i Volda. I 1980 blei ho fast tilsett i NRK Ålesund, 23 år gammal, som den andre kvinnelege journalisten der.
I 1987 var ho programleiar i Norge Rundt. I 1998/99 budde ho med familien i Bolivia og laga ei mengd reportasjar for NRK P1 og P2, som ein av svært få og den einaste norske journalisten på kontinentet på den tida.
Frå 2002 til 2012 var ho frilans og skreiv reportasjar og sakprosa frå fleire kontinent. Kjeldenettverket hennar førte henne på dei siste fotefara til Che Guevara i jungelen i Bolivia. Der møtte ho Julia, den unge læraren som gav Che det siste måltidet kvelden før han blei skoten, og den siste kvinna frå geriljaen hans som framleis levde. Saka blei sendt i NRK-radioen og trykt i Magasinet til Dagbladet.
I 2012 kom ho tilbake til NRK, og laga mellom anna radiodokumentaren «Islandsfararar» (2015). Sommaren 2024 gjekk ho av med pensjon. No er ho frilansjournalist og held foredrag om det ho har skrive og opplevd.
Frå 1985 til 2008 dreiv ho saman med mannen sin Sølmongarden, eit økologisk mjølkebruk i Velledalen. Saman med to andre gardsbruk fekk dei Kulturlandskapsprisen for Møre og Romsdal i 2005, for seterdrifta i Ladalen. Ho har fått Featureprisen frå Møre og Romsdal Journalistlag (2013) for tv-dokumentaren «Leve livet heile livet», om tradisjonsbakaren Nikka Myren Grønning, og Målprisen frå Sykkylven Mållag (2020). I 2022 var ho med på laget i NRK Nyhetsmorgon som vann Prix Radio for direktesendinga om den russiske invasjonen av Ukraina.
«Du må komme deg ut og snakke med folk. Vanlige folk. Det er det viktigste av alt.»